I dag tidleg skal ein bil ha kjørt på to personar då dei skulle krysse Ivar Aasens gate i Steinvågen på Aspøya i Ålesund. Påkjørselen blei medlt til politiet nokre få minutt etter klokka 5 i dag tidleg. Fleire ambulanser, legebil og politi rykka ut etter ulykken, og to menn ble brakt med ambulanse til sjukehus. Politiet jaktar no på føraren av ein mørk BMW, trolig frå slutten av 90-talet, og dei tek gjerne imot tips og informasjon frå personar som observerte noko som kan ha betydning for saka.
Henta frå Sunnmørsposten:
http://www.smp.no/nyheter/article326145.ece
Sist lasta ned 05.04.11.
Jannike - Studieblogg DKL
tirsdag 5. april 2011
onsdag 30. mars 2011
Netvibes - eit informasjonsnav med mange moglegheiter
I den andre leksjonen i temaet om informasjonskompetanse blir vi introdusert til eit informasjonsnav kalla Netvibes. Dette er ein nettstad der du har moglegheit til å opprette din eigen personlege informasjonsstraum, der du sjølv prioriterer kva informasjon du vil ha tilgjengeleg. Netvibes er ei god løysing når du vil prøve å orientere og navigere deg på ein effektiv måte gjennom det havet av informasjon som ligg ute på nettet. I navet kan du sortere den informasjonen du har tilgjengeleg på ein slik måte at du lett kan finne fram til dei oppdateringar eller den informasjonen du er ute etter. Her ser eg at denne måten å skaffe seg informasjon på er ein viktig del av det å opparbeide informasjonskompetansen sin. Ved å kjenne til og nytte slike nettressursar, kjem du deg eit steg vidare i utviklinga di til å bli ein god brukar av informasjonen du finn på nettet. Du lærer deg her nye måtar å finne gode nettsider som du kan nytte til ulike føremål, og på denne måten også sortere den informasjonen som ligg tilgjengeleg. Alle desse faktorane ser eg på som viktige når det kjem til å bygge opp ei god informasjonskompetanse. Å nytte eit slikt informasjonsnav som Netvibes er også ein måte å halde seg oppdatert på dei viktigaste sakene som skjer nasjonalt og internasjonalt, noko som er viktig for eit lærande individ.
Når det kjem til bruk og etablering av ein Netvibes-konto, er dette heilt nytt for meg. Eg har aldri brukt ein slik nettressurs før, og synest det var veldig spennande å finne ut av. Av det lille eg har jobba med Netvibes så langt, ser eg at der fins mange moglegheiter. Det eg har gjort så langt er å opprette ein konto, og har lagt til nokre RSS - straumar. Eg ser for meg at eg må bruke noko meir tid på denne sida for å få heilt oversikt over alt ein kan bruke det til, men eg kjem nok til å nytte meg av denne ressursen i framtida. Eg ser på dette som ei god moglegheit til å skaffe meg den informasjonen eg treng, og til å sortere den, slik at det blir enklare å navigere gjennom.
Eg ser også at eit slikt nav med fordel kan nyttast i ein skulesamanheng. Dersom du som lærar har tatt i bruk elevbloggar til ulike arbeid, kan du på ein enkel måte sjekke om der er nye oppdateringar på nokre av bloggane gjennom Netvibes. Det er ein genial del av Netvibes, at du kan legge til alle dei sidene du vil, og om det er gjort nokre oppdateringar på desse sidene, kjem det tydeleg fram på framsida til Netvibes-kontoen din. Dette trur eg kan vere med på å lette arbeidet ved bruk av elevbloggar, og kanskje freiste fleire lærarar til å ta det i bruk. Ein annan måte ein kan bruke slike informasjonsnav på i undervisninga er å etablere eit opent nav, der elevane også har tilgang. Der kan du som lærar gi gode råd til ulike nettstadar der elevane kan skaffe seg informasjon dei treng til ulike arbeid. Dette kan vere nyttig når det kjem til temaarbeid og liknande. Då kan du også sikre deg at elevane nyttar pålitelege kjelder som er av god kvalitet. På denne måten hjelper du også elevane til å navigere i eit komplekst informasjonssamfunn. Ein konsekvens av dette kan også vere at elevane plukker opp gpde søkestrategiar, noko som er ønskeleg når det kjem til å bygge opp deira informasjonskompetanse.

onsdag 23. mars 2011
Forsking på informasjonskompetanse
Det kjem tydeleg fram i leksjon 1 at der er gjort mykje god forsking på dette feltet, og at det er eit tema som er og har vore oppe i fokus ei god stund. Dette gir meg eit teikn om at det er viktig å reflektere over dei spørsmåla som kjem opp gjennom denne forskinga. Forskinga som det blei vist til i leksjonen viser til mange forskjellig funn, og som eg stort sett er enig med.
Den seier blant anna at den generasjonen som går på skulen no, blir gjerne kalla "Google-generasjonen" I dette ligg det at elevane gjerne tyr til Google dersom dei skal leite etter informasjon, og dei kjenner gjerne ikkje til andre søkemotorar. Eg kan godt kjenne meg igjen i denne generasjonen, sidan eg heller ikkje brukte mange andre søkemotorar enn Google. Dette har eg heldigvis forandra på no, og eg ser også viktigheita ved å gi elevane andre alternativ å bruke når det kjem til informasjonssøking. Det er dermed viktig at ein som lærar er bevisst på å introdusere elevane til klare søkestrategiar og vise til kor viktig det er å vere kritisk til kjeldene sine. Det er også viktig at elevane lærer seg å definere informasjonsbehovet sitt, og at der er ulike måtar å søke etter informasjon på, avhengig av kva informasjon du er ute etter. Her har læraren ei viktig oppgåve.
Eg ser også at det er viktig å starte med denne opplæringa tidleg i skulegangen, slik at elevane er budd på det som kan møte dei seinare. Då slepp dei å få eit sjokk når dei kjem på vidaregåande skular, der det er forventa at alle elevar har ei viss digital kompetanse. Dette kjem mykje av at det er så stor forskjell i bruk av IKT i barneskulen og på vidaregåande skule. Det er forventa at elevare på vidaregåande skular skal løyse oppgåver på datamaskiner. Dersom ein elev har manglande digitale ferdigheiter grunna lite bruk av IKT på barne- og ungdomsskule, kan det ende med at denne eleven møter mange unødvendige utfordringar ved arbeidet med slike oppgåver. Dette kan skape problem for eleven både fagleg og sosialt, i og med at gode digitale ferdigheiter er noko som mange elevar ser på som sjølvsagt, og dei som ikkje har desse ferdigheitene kan då bli utstøtt. Dette er veldig uheldig, og eg meiner skulen har eit ansvar innan denne problematikken. Det er ikkje sjølvsagt at alle elevar har datamaskiner heime, og skulen bør dermed prøve å gi alle elevar eit så likt utgangspunkt som mogleg, uavhengig av kva dei har i heimen.
Når eg skriv dette, innser eg at læraren og skulen har mykje å ta tak i. Det er viktig at eleven får eit godt utgangspunkt når dei er ferdige på ungdomsskulen og skal vidare til andre studier. Då er det viktig at dei er kjeldekritiske og veit å filtrere ut kva informasjon som er matnyttig og brukandes. Dette inneber også at elevane veit kvar dei skal leite etter denne informasjonen og kva søkemotorar som kan vere gode til dei ulike formåla. Dette er viktige faktorar som eg som framtidig lærar bør reflektere over, noko eg også kjem til å gjere.
Jannike

Etiketter:
DKL 102,
Informasjonskompetanse,
øvingsoppgåve
fredag 11. mars 2011
Geotagging
I dag har eg prøvd ut geotaggingfunksjonen i Picasa. Her har eg tatt i bruk nokre bilder frå Kenya der eg har tagga den geografiske staden bilda er tatt. Dette gjer at dei som ser på nettalbumet veit nøyaktig kvar bilda er tatt og kan dermed lettare sjå for seg situsasjonen og staden. Å kunne ta i bruka geotaggingsfunksjonen i Picasa er ein måte å utvide den digitale arenaen din. Dette er ein funksjon som ikkje alle veit om eller meistrar, og kan vere nyttig i fleire samanhengar. Å lære elevane å nytte ein slik funksjon kan også vere matnyttig både for å utvide deira digitale arena og for å oppnå læringsmål i læreplanen. Ein slik funksjon kan for eksempel vere eit godt læringsverkty når elevane jobbar med geografi og stadar i verda. Då kan ein ta i bruk denne funksjonen som ei avveksling til undervisninga elles.
Her er linken til nettalbumet mitt med geotagging:
https://picasaweb.google.com/113627077535996977751/KenyaGeotagging#

torsdag 10. mars 2011
IKT ein ressurs i tilpassa opplæring?
Hei!
Sidan eg ikkje er komt fullt ut i arbeid som lærar enda, kan eg ikkje sei at eg er den med mest erfaring innan emnet om tilpassa opplæring. Men gjennom tre år ute i praksis og litt jobbing som vikar ved sidan av, har eg både sett og sjølv prøvd meg litt på å tilpasse opplæringa til individa i klassa. Gjennom desse smakebitane har eg opplevd tilpassa opplæring som ei av dei store utfordringane eg som framtidig lærar må finne gode løysingar på. Det er viktig at eg som lærar ser alle individa i klassa og gjer mitt beste for å sikre at alle får rett og tilpassa undervisning. Eg trur ikkje ein finn noko fasit på korleis ein kan få til tilpassa opplæring på best mogleg måte. Eg trur derimot at ein må bli kjend med klassa si og dei ulike individa i denne klassa, og utifrå det gi eit så godt tilbud som rå for tilpassa undervisning for nettopp denne klassa.
Med tanke på bruk av IKT ser eg mange moglegheiter både som hjeplemiddel for tilpassa opplæring og for å gjere undervisninga meir variert. Ein kan bruke IKT til å gi tilpassa oppgåver til dei ulike elevane. Ein kan gi oppgåver med ulik prestasjonsnivå og også ulike typer oppgåver. Dette er først og fremst for å tilpasse arbeidsoppgåvene til dei ulike behova og også for å sørge for at alle elevane får ein følelse av meistring. Som eksempel på dette kan eg for eksempel nemne dei ulike internettbaserte arbeidssidene som ofte følger med fagbøker. Eg har sjølv vore innom sidene til Stairs og nokre matematikkbøker. Desse sidene gir ofte gode oppgåver både for øving og repetisjon, og kan også tilpassast til den enkelte elev. Dette kan gjerast ved at der er ulike nivå på oppgåvene, og elevane får også anledning til å velge sjølv kva dei vil jobbe med. Dette kan gjere elevane bevisst på kva dei sjølve treng meir øving i, og også gi dei ansvar for eiga læring.
Dette er berre eit av mange eksempel på bruk av IKT i undervisninga. Eg kan seinare kome inn på andre moglege måtar å bruke IKT på for å sikre tilpassa opplæring.
Helsing Jannike

tirsdag 1. februar 2011
Samansette tekstar - Comic Life
I dag har eg satt meg litt inn i programmet Comic Life. Då eg las om det i nettleksjonen synes eg det virka som eit spennande og artig program og ville teste det ut. Comic Life er eit komplett verkty for tekstskaping i teikneseriesjangeren og gir deg mange moglegheiter til å lage forskjellige teikneseriar. Dei fleste verkemidla er ganske enkle å få til og eg trur derfor det ikkje er noko problem for elevar å ta det i bruk. Med tanke på å bruke dette programmet i undervisninga, kan eg tenke meg fleire anledningar. Sidan eg ikkje er ute i skulen til dagleg har eg ikkje eigen undervisning å knytte det til, men det skal ikkje så mykje tankevirksomheit til for å komme på nokre opplegg der eg kan bruke eit program som dette. Dette kan for eksempel vere at elevane lager ein utfyllande teikneserie om eit tema i staden for å lage ein presentasjon om det. Dette kan vere eit godt alternativ dersom elevane bruker vanlege presentasjonar mykje i undervisninga.
Nokre kompetansemål setter arbeid med digitale verkty for samansette tekstar særleg i fokus:
Kompetansemål i norsk etter 4. årstrinn:
Eg brukte litt tid på å utforske programmet Comic Life. Eg laga ein liten teikneserie av eigne bilde som eg hadde tilgjengeleg på denne datamaskina. Der er mange fleire verkemiddel som eg ikkje tok i bruk når eg laga denne teikneserien, og eg ser her at dette programmet kan vere spanande å introdusere i undervisninga i ein eller anna samanheng. Eg trur at denne typen arbeid kan engasjere og motivere elevane og kan gi meirverdi til undervisninga ved at dei kombinerer den estetiske og den litterære sansen deira.
Her er den teikneserien eg laga:

- finne opplysninger i en sammensatt tekst ved å kombinere ord og illustrasjon.
- lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde.
- lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy.
- bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon.
- tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster.
- vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder.
- lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film.
- sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger.
- bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster.
- kommunisere via digitale medier.
Eg brukte litt tid på å utforske programmet Comic Life. Eg laga ein liten teikneserie av eigne bilde som eg hadde tilgjengeleg på denne datamaskina. Der er mange fleire verkemiddel som eg ikkje tok i bruk når eg laga denne teikneserien, og eg ser her at dette programmet kan vere spanande å introdusere i undervisninga i ein eller anna samanheng. Eg trur at denne typen arbeid kan engasjere og motivere elevane og kan gi meirverdi til undervisninga ved at dei kombinerer den estetiske og den litterære sansen deira.
Her er den teikneserien eg laga:
Kjelder:
Kompetansemål henta frå: Utdanningsdirektoratet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/ [Lasta ned 01.02.11]
mandag 31. januar 2011
Forsøk på å bruke Mindomo
Hei igjen!
I dag har eg brukt litt tid på å bli kjend med den nettbaserte sida Mindomo. Der har du mange moglegheiter når det kjem til å lage digitale tankekart. Eg ser at denne måten å jobbe på kan fungere godt og kan fungere som meirverdi til undervisninga dersom ein vil bruke det der. At elevar får anledning til å bli kjend med denne måten å jobbe på og også får øving i å bruke denne nettsida, ser eg på som positivt og eg kjem sikkert til å ta det i bruk når eg jobber som lærar.
Denne veka skal eg og nokre medstudentar reise til Kenya og vere der i ca 4 veker. Dette gledar eg meg veldig til, men det er mykje planlegging og organisering som må til før vi reiser. Her fann eg ut at eg ville lage eit tankekart over kva eg må huske på før eg reiser, for å få bedre oversikt over alt.
Her er lenka til det publiserte tankekartet:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=42a802a896144d6bade1a9abf6e9372e
Her er også eit bilde tatt av dette tankekartet:

Abonner på:
Innlegg (Atom)