I dag har eg prøvd ut geotaggingfunksjonen i Picasa. Her har eg tatt i bruk nokre bilder frå Kenya der eg har tagga den geografiske staden bilda er tatt. Dette gjer at dei som ser på nettalbumet veit nøyaktig kvar bilda er tatt og kan dermed lettare sjå for seg situsasjonen og staden. Å kunne ta i bruka geotaggingsfunksjonen i Picasa er ein måte å utvide den digitale arenaen din. Dette er ein funksjon som ikkje alle veit om eller meistrar, og kan vere nyttig i fleire samanhengar. Å lære elevane å nytte ein slik funksjon kan også vere matnyttig både for å utvide deira digitale arena og for å oppnå læringsmål i læreplanen. Ein slik funksjon kan for eksempel vere eit godt læringsverkty når elevane jobbar med geografi og stadar i verda. Då kan ein ta i bruk denne funksjonen som ei avveksling til undervisninga elles.
Her er linken til nettalbumet mitt med geotagging:
https://picasaweb.google.com/113627077535996977751/KenyaGeotagging#
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar