torsdag 10. mars 2011

IKT ein ressurs i tilpassa opplæring?

Hei!
Sidan eg ikkje er komt fullt ut i arbeid som lærar enda, kan eg ikkje sei at eg er den med mest erfaring innan emnet om tilpassa opplæring. Men gjennom tre år ute i praksis og litt jobbing som vikar ved sidan av, har eg både sett og sjølv prøvd meg litt på å tilpasse opplæringa til individa i klassa. Gjennom desse smakebitane har eg opplevd tilpassa opplæring som ei av dei store utfordringane eg som framtidig lærar må finne gode løysingar på. Det er viktig at eg som lærar ser alle individa i klassa og gjer mitt beste for å sikre at alle får rett og tilpassa undervisning. Eg trur ikkje ein finn noko fasit på korleis ein kan få til tilpassa opplæring på best mogleg måte. Eg trur derimot at ein må bli kjend med klassa si og dei ulike individa i denne klassa, og utifrå det gi eit så godt tilbud som rå for tilpassa undervisning for nettopp denne klassa.
Med tanke på bruk av IKT ser eg mange moglegheiter både som hjeplemiddel for tilpassa opplæring og for å gjere undervisninga meir variert. Ein kan bruke IKT til å gi tilpassa oppgåver til dei ulike elevane. Ein kan gi oppgåver med ulik prestasjonsnivå og også ulike typer oppgåver. Dette er først og fremst for å tilpasse arbeidsoppgåvene til dei ulike behova og også for å sørge for at alle elevane får ein følelse av meistring. Som eksempel på dette kan eg for eksempel nemne dei ulike internettbaserte arbeidssidene som ofte følger med fagbøker. Eg har sjølv vore innom sidene til Stairs og nokre matematikkbøker. Desse sidene gir ofte gode oppgåver både for øving og repetisjon, og kan også tilpassast til den enkelte elev. Dette kan gjerast ved at der er ulike nivå på oppgåvene, og elevane får også anledning til å velge sjølv kva dei vil jobbe med. Dette kan gjere elevane bevisst på kva dei sjølve treng meir øving i, og også gi dei ansvar for eiga læring.
Dette er berre eit av mange eksempel på bruk av IKT i undervisninga. Eg kan seinare kome inn på andre moglege måtar å bruke IKT på for å sikre tilpassa opplæring.

Helsing Jannike

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar