Det kjem tydeleg fram i leksjon 1 at der er gjort mykje god forsking på dette feltet, og at det er eit tema som er og har vore oppe i fokus ei god stund. Dette gir meg eit teikn om at det er viktig å reflektere over dei spørsmåla som kjem opp gjennom denne forskinga. Forskinga som det blei vist til i leksjonen viser til mange forskjellig funn, og som eg stort sett er enig med.
Den seier blant anna at den generasjonen som går på skulen no, blir gjerne kalla "Google-generasjonen" I dette ligg det at elevane gjerne tyr til Google dersom dei skal leite etter informasjon, og dei kjenner gjerne ikkje til andre søkemotorar. Eg kan godt kjenne meg igjen i denne generasjonen, sidan eg heller ikkje brukte mange andre søkemotorar enn Google. Dette har eg heldigvis forandra på no, og eg ser også viktigheita ved å gi elevane andre alternativ å bruke når det kjem til informasjonssøking. Det er dermed viktig at ein som lærar er bevisst på å introdusere elevane til klare søkestrategiar og vise til kor viktig det er å vere kritisk til kjeldene sine. Det er også viktig at elevane lærer seg å definere informasjonsbehovet sitt, og at der er ulike måtar å søke etter informasjon på, avhengig av kva informasjon du er ute etter. Her har læraren ei viktig oppgåve.
Eg ser også at det er viktig å starte med denne opplæringa tidleg i skulegangen, slik at elevane er budd på det som kan møte dei seinare. Då slepp dei å få eit sjokk når dei kjem på vidaregåande skular, der det er forventa at alle elevar har ei viss digital kompetanse. Dette kjem mykje av at det er så stor forskjell i bruk av IKT i barneskulen og på vidaregåande skule. Det er forventa at elevare på vidaregåande skular skal løyse oppgåver på datamaskiner. Dersom ein elev har manglande digitale ferdigheiter grunna lite bruk av IKT på barne- og ungdomsskule, kan det ende med at denne eleven møter mange unødvendige utfordringar ved arbeidet med slike oppgåver. Dette kan skape problem for eleven både fagleg og sosialt, i og med at gode digitale ferdigheiter er noko som mange elevar ser på som sjølvsagt, og dei som ikkje har desse ferdigheitene kan då bli utstøtt. Dette er veldig uheldig, og eg meiner skulen har eit ansvar innan denne problematikken. Det er ikkje sjølvsagt at alle elevar har datamaskiner heime, og skulen bør dermed prøve å gi alle elevar eit så likt utgangspunkt som mogleg, uavhengig av kva dei har i heimen.
Når eg skriv dette, innser eg at læraren og skulen har mykje å ta tak i. Det er viktig at eleven får eit godt utgangspunkt når dei er ferdige på ungdomsskulen og skal vidare til andre studier. Då er det viktig at dei er kjeldekritiske og veit å filtrere ut kva informasjon som er matnyttig og brukandes. Dette inneber også at elevane veit kvar dei skal leite etter denne informasjonen og kva søkemotorar som kan vere gode til dei ulike formåla. Dette er viktige faktorar som eg som framtidig lærar bør reflektere over, noko eg også kjem til å gjere.
Jannike
Det er eit uoversiktleg landskap vi slepp elevane ut på - og som du skriv kjeldekritikk er viktig for at verktyet skal ha noko meirverdi for elevane. Læraren HAR ei viktig oppgåve - elevane er ulike og treng nokon som kan rettleie dei på vegen.
SvarSlett