I den andre leksjonen i temaet om informasjonskompetanse blir vi introdusert til eit informasjonsnav kalla Netvibes. Dette er ein nettstad der du har moglegheit til å opprette din eigen personlege informasjonsstraum, der du sjølv prioriterer kva informasjon du vil ha tilgjengeleg. Netvibes er ei god løysing når du vil prøve å orientere og navigere deg på ein effektiv måte gjennom det havet av informasjon som ligg ute på nettet. I navet kan du sortere den informasjonen du har tilgjengeleg på ein slik måte at du lett kan finne fram til dei oppdateringar eller den informasjonen du er ute etter. Her ser eg at denne måten å skaffe seg informasjon på er ein viktig del av det å opparbeide informasjonskompetansen sin. Ved å kjenne til og nytte slike nettressursar, kjem du deg eit steg vidare i utviklinga di til å bli ein god brukar av informasjonen du finn på nettet. Du lærer deg her nye måtar å finne gode nettsider som du kan nytte til ulike føremål, og på denne måten også sortere den informasjonen som ligg tilgjengeleg. Alle desse faktorane ser eg på som viktige når det kjem til å bygge opp ei god informasjonskompetanse. Å nytte eit slikt informasjonsnav som Netvibes er også ein måte å halde seg oppdatert på dei viktigaste sakene som skjer nasjonalt og internasjonalt, noko som er viktig for eit lærande individ.
Når det kjem til bruk og etablering av ein Netvibes-konto, er dette heilt nytt for meg. Eg har aldri brukt ein slik nettressurs før, og synest det var veldig spennande å finne ut av. Av det lille eg har jobba med Netvibes så langt, ser eg at der fins mange moglegheiter. Det eg har gjort så langt er å opprette ein konto, og har lagt til nokre RSS - straumar. Eg ser for meg at eg må bruke noko meir tid på denne sida for å få heilt oversikt over alt ein kan bruke det til, men eg kjem nok til å nytte meg av denne ressursen i framtida. Eg ser på dette som ei god moglegheit til å skaffe meg den informasjonen eg treng, og til å sortere den, slik at det blir enklare å navigere gjennom.
Eg ser også at eit slikt nav med fordel kan nyttast i ein skulesamanheng. Dersom du som lærar har tatt i bruk elevbloggar til ulike arbeid, kan du på ein enkel måte sjekke om der er nye oppdateringar på nokre av bloggane gjennom Netvibes. Det er ein genial del av Netvibes, at du kan legge til alle dei sidene du vil, og om det er gjort nokre oppdateringar på desse sidene, kjem det tydeleg fram på framsida til Netvibes-kontoen din. Dette trur eg kan vere med på å lette arbeidet ved bruk av elevbloggar, og kanskje freiste fleire lærarar til å ta det i bruk. Ein annan måte ein kan bruke slike informasjonsnav på i undervisninga er å etablere eit opent nav, der elevane også har tilgang. Der kan du som lærar gi gode råd til ulike nettstadar der elevane kan skaffe seg informasjon dei treng til ulike arbeid. Dette kan vere nyttig når det kjem til temaarbeid og liknande. Då kan du også sikre deg at elevane nyttar pålitelege kjelder som er av god kvalitet. På denne måten hjelper du også elevane til å navigere i eit komplekst informasjonssamfunn. Ein konsekvens av dette kan også vere at elevane plukker opp gpde søkestrategiar, noko som er ønskeleg når det kjem til å bygge opp deira informasjonskompetanse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar