tirsdag 1. februar 2011

Samansette tekstar - Comic Life

I dag har eg satt meg litt inn i programmet Comic Life. Då eg las om det i nettleksjonen synes eg det virka som eit spennande og artig program og ville teste det ut. Comic Life er eit komplett verkty for tekstskaping i teikneseriesjangeren og gir deg mange moglegheiter til å lage forskjellige teikneseriar. Dei fleste verkemidla er ganske enkle å få til og eg trur derfor det ikkje er noko problem for elevar å ta det i bruk. Med tanke på å bruke dette programmet i undervisninga, kan eg tenke meg fleire anledningar. Sidan eg ikkje er ute i skulen til dagleg har eg ikkje eigen undervisning å knytte det til, men det skal ikkje så mykje tankevirksomheit til for å komme på nokre opplegg der eg kan bruke eit program som dette. Dette kan for eksempel vere at elevane lager ein utfyllande teikneserie om eit tema i staden for å lage ein presentasjon om det. Dette kan vere eit godt alternativ dersom elevane bruker vanlege presentasjonar mykje i undervisninga.

Nokre kompetansemål setter arbeid med digitale verkty for samansette tekstar særleg i fokus:
Kompetansemål i norsk etter 4. årstrinn:
  • finne opplysninger i en sammensatt tekst ved å kombinere ord og illustrasjon.
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde.
Etter 7. årstrinn:
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy.
  • bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon.
Etter 10. årstrinn:
  • tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster.
  • vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder.
Kompetansemål i kunst og handverk etter 7. årstrinn:
  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film.
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger.
Kompetansemål i engelsk etter 7. årstrinn:
  • bruke digitale verktøy for å finne informasjon og som redskap for å lage tekster.
Etter 10. årstrinn:
  • kommunisere via digitale medier.
Og dette er berre nokre av dei kompetansemåla eg fann i Læreplanen som begrunner bruk av slike typer digitale verkty.
Eg brukte litt tid på å utforske programmet Comic Life. Eg laga ein liten teikneserie av eigne bilde som eg hadde tilgjengeleg på denne datamaskina. Der er mange fleire verkemiddel som eg ikkje tok i bruk når eg laga denne teikneserien, og eg ser her at dette programmet kan vere spanande å introdusere i undervisninga i ein eller anna samanheng. Eg trur at denne typen arbeid kan engasjere og motivere elevane og kan gi meirverdi til undervisninga ved at dei kombinerer den estetiske og den litterære sansen deira.

Her er den teikneserien eg laga:


                                                                                                                                  

Kjelder:

Kompetansemål henta frå: Utdanningsdirektoratet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/ [Lasta ned 01.02.11]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar