Hei igjen!
I dag har eg brukt litt tid på å bli kjend med den nettbaserte sida Mindomo. Der har du mange moglegheiter når det kjem til å lage digitale tankekart. Eg ser at denne måten å jobbe på kan fungere godt og kan fungere som meirverdi til undervisninga dersom ein vil bruke det der. At elevar får anledning til å bli kjend med denne måten å jobbe på og også får øving i å bruke denne nettsida, ser eg på som positivt og eg kjem sikkert til å ta det i bruk når eg jobber som lærar.
Denne veka skal eg og nokre medstudentar reise til Kenya og vere der i ca 4 veker. Dette gledar eg meg veldig til, men det er mykje planlegging og organisering som må til før vi reiser. Her fann eg ut at eg ville lage eit tankekart over kva eg må huske på før eg reiser, for å få bedre oversikt over alt.
Her er lenka til det publiserte tankekartet:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=42a802a896144d6bade1a9abf6e9372e
Her er også eit bilde tatt av dette tankekartet:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar