På fredagen i første samling gjorde vi ei gruppeoppgåve om sosiale medium. Her er det vi kom fram til:
Dei siste åra har skulekvardagen blitt stadig meir digital. Dette gjer bruken av sosiale medium meir aktuell. Vi vil i denne teksten sjå på i kva grad dei tre sosiale mediuma Facebook, Twitter og Google Docs legg til rette for sosial funksjonalitet.
Facebook
Facebook er hovudsakleg eit sosialt medium, og ut frå dette ikkje spesielt godt tilrettelagt for deling av tekstfiler. Ein kan sende meldingar til kvarandre, både offentleg og privat, og til meldingane kan ein legge ved bilete, koplingar og videoar. For å dele ei tekstfil, er ein avhengig av at fila er publisert på nett og har ei nettadresse ein kan vise til. Moglegheitene for å dele tekstfiler er ut frå dette avgrensa, men framleis til stades. Facebook har også ein chatfunksjon der ein kan diskutere både med enkeltpersonar og i grupper ein er medlem av. Dette kan gjere samarbeidet meir effektivt dersom elevane arbeider frå ulike stadar. Sian facebook hovudsakleg er eit sosialt medium, inneheld nettstaden mange forstyrrande element som kan vere med på å dra fokuset bort frå skulearbeidet.
(Bilete henta frå: http://dj-ome.com/dj-ome-facebook/)
Twitter
Personleg har vi ikkje noko erfaring med bruk av Twitter, men etter å ha utforska litt, forstår vi twitter som "ein forenkla versjon av Facebook". Beskjeden du kan twittre er begrensa til 140 teikn, noko som gjer at det du skriv må vere kort og presist. Dette set klare avgrensingar for korleis ein kan bruke Twitter. Vi ser for oss at eksempel på bruk i skulen kan vere at lærarar og elevar kan nytte Twitter til å oppdatere/orientere medelevar om kor langt ein er komt i arbeidet. Dette kan også vere formålstjeneleg om elevane sit kvar for seg og arbeidar med eit felles arbeid. Twitter er då eit medium ein kan bruke for å halde kontakt/oppdatere framgangen. Så vidt vi har forstått, kan ein ikkje sjå på Twitter om vener er pålogga eller ikkje. Dette gjer det vanskelegare å halde oppe ein kommunikasjon, sidan ein ikkje veit om og når samarbeidspartnaren din er pålogga, og vil lese beskjeden din.

(Bilete henta frå : http://www.bekkelund.net/2009/06/02/twitter-kotyme/)
Google Docs
Google Docs er eit forum godt tilrettelagt for deling av filer, samskriving og samarbeid på nett. Som brukar kan du laste opp og dele filer, avgrense tilgang til eigne arbeid, og laste ned filer andre har delt med deg. Google Docs inneheld mange av dei samme funksjonane som ein vanlegvis finn i tekstbehandlingsprogram. Dette gjer at ein både kan arbeide med og ferdigstille teksten i Google Docs. Det som også er positivt med dette mediumet er at fleire kan arbeide med samme dokument samstundes, der endringane ein gjer dukkar opp på skjermen til dei ein samarbeidar med fortløpande, utan at ein treng å lagre arbeidet først. Google Docs fungerar slik som ein intern wiki. I skulesamanheng er dette eit godt verkty for samarbeid, både når elevane samarbeidar på skulen, men også når dei arbeider med prosjektarbeid heimanfrå. Ved sidan av tekstdokumentet er det mogleheit for å åpne eit chatvindauge, der ein kan diskutere oppgåva, samstundes som ein arbeidar med denne i tekstdokumentet. Det at ein slepp denne diskusjonen i sjølve tekstdokumentet effektiviserar og forenklar arbeidet. I motsetnad til Facebook og Twitter inneheld ikkje Google docs forstyrrande element i så stor grad. Sjølv om programmet har ein chat-funksjon, er det kun dei du har delt tekstdokumentet med som har tilgang til denne.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar