onsdag 1. desember 2010

Rekneark som ein del av faga i skulen

Som vi veit, skal den digitale kompetansen vere ein integrert sel av undervisninga og faga i skulen. Det er veldig lett å tenke først og fremst på internett, informasjonssøking og bilderedigering når dette er sagt. men det inneber så mykje meir, og blant dette også arbeid med rekneark. Det er derfor ikkje snakk om rein dataundervisning. Den digitale kompetansen skal heller vere integrert i alle fag, brukast der det er naturleg og fungere som ein meirverdi for undervisninga. Men korleis kan arbeid med rekneark ver ein meirverdi for alle fag? For min del kjenner eg godt til å bruke rekneark i matematikkundervisninga, men i dei andre faga er det ikkje like kjendt for meg.

Rekneark er døme på eit ope dataprogram, som ikkje er avhengig av kontekst for å bruke. Dette gir moglegheiter for bruk på mange forskjellige områder. Matematisk kompetanse i bruk av rekneark kan mellom anna vere å ikkje berre kunne bruke programmet til å gjere utrekningar, men også lage tabellar, figurar, rekneskap m.m. Dette kan elevane vidare utforske og på denne måten kome fram til andre samanhengar (Sæterås, 2010: 5). Eit rekneark kan brukast til å gjere rutinearbeid også, men elevane er nødt til å vite kva dei gjer for å kome fram til dei rette samanhengane. Dette er spesielt viktig dersom dei bruker formlar i føringa si. Det er derfor viktig at læraren har hatt ei grunnleggande gjennomføring på dette dersom elevane skal jobbe på denne måten.

Som nemnt har ikkje eg sjølv mykje erfaring med bruk av rekneark i andre fag enn matematikk. Men i "Leksjon 2: Didaktisk bruk av rekneark" er det nemnt nokre gode forslag til bruk av rekneark i både naturfag og samfunnsfag. I naturfag er reknearka ypperleg tilpassa til å brukast i utforsking, registrering og måling når det er snakk om feltarbeid og undersøking. Når det gjeld formidling og kommunikasjon, kan rekneark godt brukast til presentasjon og publisering (ibid: 9-10). I samfunnsfag er rekneark eit godt hjelpemiddel når det kjem til undersøkingar og liknande. Det er enkelt å føre opp det ein finn gjennom undersøkingane på ein oversiktleg og skikkelig måte i eit rekneark (ibid: 11). Dette kan føre til at elevane får eit godt overblikk over materialet og kanskje det hjelper til at dei ser andre samanhengar. Her ser eg at bruk av rekneark kan fungere som ein meirverdi til undervisninga og eit godt hjelpemiddel.

Det var alt for no.
Jannike

                                                                                                                       


Kjelder:

Sæterås, K. B., (2010) Rekneark 2 - Didaktisk bruk av rekneark. Høgskulen i Volda. Publisert som PDF i LMS. [Internett] Tilgjengeleg frå https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/859263381$285502021$/RomArkiv/6.Uke+45-46+-Rekneark/Veke_46+-+Rekneark+2_prcent_3A+Didaktisk+bruk+av+rekneark/DKL101_rekneark2_H10.pdf
[Lasta ned 01.12.10]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar