I arbeidet mitt med lyd har eg jobba mykje med programmet Audacity. Dette programmet ligg tilgjengeleg for nedlasting på internett frå adressa http://audacity.sourceforge.net/. Her har eg jobba med dei ulike øvingsoppgåvene som var lagt ut i lekjsonane og med mappeoppgåva. Audacity er eit spennande program som gir deg moglegheita til å tilpasse og redigere lydfiler på mange forskjellige måtar. Det er lagt inn mange ulike effektar som kan hjelpe deg med å gjere lydfila di bedre. Her er eit bilde frå det arbeidet eg gjorde med mappeoppgåva mi. Her ser du at eg har lagt inn to spor, ei mono og ei stereo, i same lydfila, og har redigert og jobba litt med spora for å tilpasse dei til kvarandre.
Filene som du lagrer gjennom Audacity blir automatisk lagra som ei APF - fil (Audacity Project File), men du har moglegheita til å eksportere fila til ei MP3 - fil dersom det er ønkeleg. Det har eg gjort med fleire av øvingsoppgåvene og det var eit krav om at du skulle levere lydfila i mappeoppgåva som ei MP3 - fil. Dette er veldig greit å kunne og utvidar bruksområdet til lydfilene enda meir.
Mvh Jannike

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar