fredag 14. januar 2011

Sosial web

Vi fekk ei diskusjonsoppgåve som vi skulle gjere i gruppene, der vi skulle diskutere fordelar og ulemper ved tre forskjellige sosiale medium/nettsamfunn. Vi tok for oss Facebook, Del og Bruk og Twitter, og dette er det vi kom fram til:

Diskusjon om nettsamfunn :
Facebook:
Ulemper:
-          Mange forstyrrande element, som til dømes chat, bilete og nyhendestraum.
-          Ein plass der det kan vere enklare med mobbing og uthenging enn kva det er på skulegarden.
-          Vansklegare for læraren å ha kontroll på kva elevane gjer.
-          Det fins så mange andre betre alternativ som er betre tilpassa ein undervisningssituasjon, der forstyrrande element som bilete etc. er fjerna. Eit døme på dette er googledocs.
Fordelar:
-        Motiverande for elevane, sidan ein tek deira digitale kvardag inn i undervisninga. Læraren møter elevane på deira digitale arena.
-    Sosialt.
-    Kan bruke chaten som ein plass å diskutere oppgåver og samarbeidsprosjekt.

Del og bruk:
Ulemper:
-          Mest nyttig for bruk av lærarar, ser ikkje så mange moglegheiter for bruk av elevar.
Fordelar:
-          Kan her utveksle idear og diskutere med likesinna om sosial web, IKT og skule.
-          Gjere seg nytte av gode idear og dele gode idear med andre.
-          Kan samarbeide og diskutere med kollega.
-          Ideane er tilgjengeleg til ei kvar tid.
-          Har anledning til å leite fram/søke etter idear og informasjon ein lurer på.
-          Kan dra seg nytte av andre sine erfaringar.
-          Avgrensa i interesse- og temagrupper der medlemmane diskuterer temaet, det gruppa tek for seg.

Twitter:
Ulemper:
-          Lite matnyttig i ein undervisningssituasjon, mest som eit sosialt medium.
-          Mange forstyrrande element som kan vere med på å dra fokuset vekk frå undervisninga.
Fordelar:
-          Sosialt medium der ein held seg oppdatert på kva som skjer i kvardagen til venar og kollega.
-     Kan brukast til å oppdatere framgang i samarbeidsprosjekt, men kan vere lite effektivt, sidan ein er avhengig av at samarbeidspartnarar er pålogga for at dei skal sjå det du skriv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar