Eg har no fått augene opp for Picasa 3! Eg jobba ein del med det når eg laga ein filmpresentasjon til mappeoppgåve 2 og synest at det fungerte veldig bra. Det er enkelt å bruke og ikkje vanskeleg å sette seg inn i dei forskjellige måtane å redigere bilda på. Eg såg også på videoen om Picasa 3 som det var lagt ut ein link til på siste nettleksjonen om bilder. Der viste dei ein del om det å lage fotomontasje og dette inspirerte meg. Eg har tatt ein del bilder frå fjell- og sykkerlturar frå no i sommar og eg bestemte meg for å lage ei fotomontasje av det. Der er det mange naturbilder som eg synest gjer seg bra på ei slik montasje. Her er det endelege resultatet:
![]() |
Meg og mine på tur i sommar! :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar