I første nettleksjonen er der nokre øvingsoppgåver der oss kan trene oss i å bruke ulike verkemiddel i fotograferinga vår. I tillegg til desse verkemidla gjeld det også å bruke fantasien og kreativiteten for å få til gode bilde. Eg har jobba litt med det no, men eg har insett det at eg er ikkje nokon dreven fotograf. Det må nok ein del meir øving til før eg får til nokre bilder eg er fornøgd med. Eg legg likevel ut det eg har jobba med så langt.
Eg prøvde å ta bilde der eg illustrerte prinsippet om å plassere motivet i sentrum av bildet eller i høve til tredjedelsregelen. Då valgte eg å bruke ein nøytral bakgrunn slik at motivet kom mest mogleg i fokus.
Bilde med motiv i sentrum.
Bilde med motiv i høve til tredjedelsregelen (eit forsøk i alle fall)
Eg synest at av desse to bilda så kjem motivet mest til sin rett der det er plassert i høve til tredjedelsregelen. Eg synest bildet er meir balansert og finast å sjå på. Der motivet er plassert i sentrum synest eg også er litt kjedeligare å sjå på og gir meg ikkje like mykje. Sjølv om dette er nokså enkle bilder, ser eg likevel at tredjedelsregelen er eit godt verkemiddel.
Det var dette eg rakk å gjere for denne gong, men eg kjem tilbake med meir arbeid etter kvart. :)
På gjensyn folkens! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar