mandag 22. november 2010

Rekneark

Etter å ha lest leksjonen om rekneark (ja, eg veit det er litt i seinaste laget...!) ser eg at reknearka har mange funksjonar som eg ikkje er kjend med eller har tatt i bruk. Der fins mange moglegheiter til å lage mange forskjellige lister, skjema og diagram knytt til tabellar. Fleire av desse funksjonane har eg tatt i bruk i eigen skulegang, med langt frå alle. Noko eg synest var spesielt matnyttig var den bruken av formlar i cellene når det kjem til å lage tekst . Ved å bruke referanser til andre celler og skrive det inn på ein spesiell måte, kan vi altså skrive ein lengre tekst. Eg har ikkje fått øvd så veldig mykje på det, så det set ikkje akkurat spikra enda. Men eg tenker det blir meir jobbing med rekneark seinare og eg vil då øve meg på å bruke dette.

Ellers har eg lasta ned programmet Jing som Kjell viste til i ein tidlegare leksjon. Det er eit program som kopierer utsnitt av skjermen din og gir deg moglegheiten til å lagre det eller publisere det direkte på nett. Dette synest eg er eit kjekt program å ha og kjem til å bruke dette aktivt. Her er lite utsnitt av sida der eg lasta det ned frå; http://www.techsmith.com/jing/



Håper det går bra med eksamenlesinga og at dokke begynner å bli klare. Eg veit eg grur meg iallefall!
Snakkast! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar