Hei igjen!
I løpet av siste dagen av tredje samling jobba fekk vi prøve ut og ta i bruk digitale tankekart i forbindelse med ei lita framføring. Vi skulle i gruppene diskutere og kome fram til eit undervisningsopplegg der bruk av Smartboard fungerte som ein meirverdi til undervisninga. Vi såg her for oss eit undervisningsopplegg der det internettbaserte programmet Geogebra var ein sentral del. Geogebra er eit program tilpassa til emnet geometri og er godt egna til å drive med konstruksjon og liknande. Bruk av Geogebra på Smartboardet gir deg moglegheita til å konstruere på ein oversiktleg måte, filme framgangsmåten, lagre arbeidet, publisere det på skulen sine nettsider, og mykje meir. Dette ser eg på som eit godt hjelpemiddel i arbeidet med dette emnet og eg trur det kan hjelpe elevar som synes emnet er vanskeleg. Med bakgrunn i diskusjonen i gruppa laga vi eit tankekart i Mondomo (henta frå http://www.mindomo.com/) der vi samla dei punkta vi såg som viktigast. Tankekartet blei då sjåande slik ut:
Eg har virkelig fått augene opp for digitale tankekart når eg jobba med det i løpet av samlinga. Slike tankekart gir deg mange moglegheiter, og er mykje meir fleksible i forhold til tankekart på ark. Eg har brukt tankekart på papir mykje i løpet av skuletida mi, men eg ser no for meg at eg heller vil ta i bruk digitale tankekart. Det vil ta tankekarta mine opp på eit nytt nivå. :)
Mvh Jannike
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar