Hei igjen!
I dag har eg brukt litt tid på å bli kjend med den nettbaserte sida Mindomo. Der har du mange moglegheiter når det kjem til å lage digitale tankekart. Eg ser at denne måten å jobbe på kan fungere godt og kan fungere som meirverdi til undervisninga dersom ein vil bruke det der. At elevar får anledning til å bli kjend med denne måten å jobbe på og også får øving i å bruke denne nettsida, ser eg på som positivt og eg kjem sikkert til å ta det i bruk når eg jobber som lærar.
Denne veka skal eg og nokre medstudentar reise til Kenya og vere der i ca 4 veker. Dette gledar eg meg veldig til, men det er mykje planlegging og organisering som må til før vi reiser. Her fann eg ut at eg ville lage eit tankekart over kva eg må huske på før eg reiser, for å få bedre oversikt over alt.
Her er lenka til det publiserte tankekartet:
http://www.mindomo.com/view.htm?m=42a802a896144d6bade1a9abf6e9372e
Her er også eit bilde tatt av dette tankekartet:
mandag 31. januar 2011
tirsdag 18. januar 2011
Gruppeoppgåve
Hei igjen!
I andre leksjon fekk vi ei gruppeoppgåve som vi skulle løyse i løpet av første samling. Der skulle vi diskutere og samanlikne tre ulike sosiale nettstader og vurdere verkemiddel og funksjoner dei ulike nettstadane har i forhold til pedagogisk verksemd. Vi valde å samanlikne Facebook, Twitter og Google Docs. Det vi kom fram til publiserte vi i ein wiki som vi oppretta til dette arbeidet. Her er lenkja til den:
http://dkl102.wikispaces.com/Bruk+av+sosiale+medium+i+skulen
I andre leksjon fekk vi ei gruppeoppgåve som vi skulle løyse i løpet av første samling. Der skulle vi diskutere og samanlikne tre ulike sosiale nettstader og vurdere verkemiddel og funksjoner dei ulike nettstadane har i forhold til pedagogisk verksemd. Vi valde å samanlikne Facebook, Twitter og Google Docs. Det vi kom fram til publiserte vi i ein wiki som vi oppretta til dette arbeidet. Her er lenkja til den:
http://dkl102.wikispaces.com/Bruk+av+sosiale+medium+i+skulen
fredag 14. januar 2011
Sosial web
Vi fekk ei diskusjonsoppgåve som vi skulle gjere i gruppene, der vi skulle diskutere fordelar og ulemper ved tre forskjellige sosiale medium/nettsamfunn. Vi tok for oss Facebook, Del og Bruk og Twitter, og dette er det vi kom fram til:
Diskusjon om nettsamfunn :
Facebook:
Ulemper:
- Mange forstyrrande element, som til dømes chat, bilete og nyhendestraum.
- Ein plass der det kan vere enklare med mobbing og uthenging enn kva det er på skulegarden.
- Vansklegare for læraren å ha kontroll på kva elevane gjer.
- Det fins så mange andre betre alternativ som er betre tilpassa ein undervisningssituasjon, der forstyrrande element som bilete etc. er fjerna. Eit døme på dette er googledocs.
Fordelar:
- Motiverande for elevane, sidan ein tek deira digitale kvardag inn i undervisninga. Læraren møter elevane på deira digitale arena.
- Sosialt.
- Kan bruke chaten som ein plass å diskutere oppgåver og samarbeidsprosjekt.
Del og bruk:
Ulemper:
- Mest nyttig for bruk av lærarar, ser ikkje så mange moglegheiter for bruk av elevar.
Fordelar:
- Kan her utveksle idear og diskutere med likesinna om sosial web, IKT og skule.
- Gjere seg nytte av gode idear og dele gode idear med andre.
- Kan samarbeide og diskutere med kollega.
- Ideane er tilgjengeleg til ei kvar tid.
- Har anledning til å leite fram/søke etter idear og informasjon ein lurer på.
- Kan dra seg nytte av andre sine erfaringar.
- Avgrensa i interesse- og temagrupper der medlemmane diskuterer temaet, det gruppa tek for seg.
Twitter:
Ulemper:
- Lite matnyttig i ein undervisningssituasjon, mest som eit sosialt medium.
- Mange forstyrrande element som kan vere med på å dra fokuset vekk frå undervisninga.
Fordelar:
- Sosialt medium der ein held seg oppdatert på kva som skjer i kvardagen til venar og kollega.
- Kan brukast til å oppdatere framgang i samarbeidsprosjekt, men kan vere lite effektivt, sidan ein er avhengig av at samarbeidspartnarar er pålogga for at dei skal sjå det du skriv.
Bruk av sosiale medium i skulen
På fredagen i første samling gjorde vi ei gruppeoppgåve om sosiale medium. Her er det vi kom fram til:
Dei siste åra har skulekvardagen blitt stadig meir digital. Dette gjer bruken av sosiale medium meir aktuell. Vi vil i denne teksten sjå på i kva grad dei tre sosiale mediuma Facebook, Twitter og Google Docs legg til rette for sosial funksjonalitet.
Facebook
Facebook er hovudsakleg eit sosialt medium, og ut frå dette ikkje spesielt godt tilrettelagt for deling av tekstfiler. Ein kan sende meldingar til kvarandre, både offentleg og privat, og til meldingane kan ein legge ved bilete, koplingar og videoar. For å dele ei tekstfil, er ein avhengig av at fila er publisert på nett og har ei nettadresse ein kan vise til. Moglegheitene for å dele tekstfiler er ut frå dette avgrensa, men framleis til stades. Facebook har også ein chatfunksjon der ein kan diskutere både med enkeltpersonar og i grupper ein er medlem av. Dette kan gjere samarbeidet meir effektivt dersom elevane arbeider frå ulike stadar. Sian facebook hovudsakleg er eit sosialt medium, inneheld nettstaden mange forstyrrande element som kan vere med på å dra fokuset bort frå skulearbeidet.
(Bilete henta frå: http://dj-ome.com/dj-ome-facebook/)
Twitter
Personleg har vi ikkje noko erfaring med bruk av Twitter, men etter å ha utforska litt, forstår vi twitter som "ein forenkla versjon av Facebook". Beskjeden du kan twittre er begrensa til 140 teikn, noko som gjer at det du skriv må vere kort og presist. Dette set klare avgrensingar for korleis ein kan bruke Twitter. Vi ser for oss at eksempel på bruk i skulen kan vere at lærarar og elevar kan nytte Twitter til å oppdatere/orientere medelevar om kor langt ein er komt i arbeidet. Dette kan også vere formålstjeneleg om elevane sit kvar for seg og arbeidar med eit felles arbeid. Twitter er då eit medium ein kan bruke for å halde kontakt/oppdatere framgangen. Så vidt vi har forstått, kan ein ikkje sjå på Twitter om vener er pålogga eller ikkje. Dette gjer det vanskelegare å halde oppe ein kommunikasjon, sidan ein ikkje veit om og når samarbeidspartnaren din er pålogga, og vil lese beskjeden din.
(Bilete henta frå : http://www.bekkelund.net/2009/06/02/twitter-kotyme/)
Dei siste åra har skulekvardagen blitt stadig meir digital. Dette gjer bruken av sosiale medium meir aktuell. Vi vil i denne teksten sjå på i kva grad dei tre sosiale mediuma Facebook, Twitter og Google Docs legg til rette for sosial funksjonalitet.
(Bilete henta frå: http://dj-ome.com/dj-ome-facebook/)
(Bilete henta frå : http://www.bekkelund.net/2009/06/02/twitter-kotyme/)
Google Docs
Google Docs er eit forum godt tilrettelagt for deling av filer, samskriving og samarbeid på nett. Som brukar kan du laste opp og dele filer, avgrense tilgang til eigne arbeid, og laste ned filer andre har delt med deg. Google Docs inneheld mange av dei samme funksjonane som ein vanlegvis finn i tekstbehandlingsprogram. Dette gjer at ein både kan arbeide med og ferdigstille teksten i Google Docs. Det som også er positivt med dette mediumet er at fleire kan arbeide med samme dokument samstundes, der endringane ein gjer dukkar opp på skjermen til dei ein samarbeidar med fortløpande, utan at ein treng å lagre arbeidet først. Google Docs fungerar slik som ein intern wiki. I skulesamanheng er dette eit godt verkty for samarbeid, både når elevane samarbeidar på skulen, men også når dei arbeider med prosjektarbeid heimanfrå. Ved sidan av tekstdokumentet er det mogleheit for å åpne eit chatvindauge, der ein kan diskutere oppgåva, samstundes som ein arbeidar med denne i tekstdokumentet. Det at ein slepp denne diskusjonen i sjølve tekstdokumentet effektiviserar og forenklar arbeidet. I motsetnad til Facebook og Twitter inneheld ikkje Google docs forstyrrande element i så stor grad. Sjølv om programmet har ein chat-funksjon, er det kun dei du har delt tekstdokumentet med som har tilgang til denne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)