onsdag 29. september 2010

Plagiat - ei ny utfordring i skulen?

Med den digitaliserte kvardagen vi no lever i, følger det også nye utfordringar, ikkje berre nye arbeidsmåtar og moglegheiter. Ei av utfordringane er bruk av plagiat og kopiering av andre sitt arbeid. Dette er kanskje helst eit problem på ungdomsskulen og på vidaregåande skular, men kan heilt sikkert også dukke opp på lavare trinn etter kvart som dei startar med å produsere lengre tekstar. Elevane er ofte dyktige og flittige internett-brukarar og har lært seg det å finne fram i mangfaldet av informasjon dei finn der. Derfor har dei heller ikkje noko problem med å finne eksempel på skuleoppgåver som er lagt ut på internett. Der er mange sider på internett som har skuleungdommen som målgruppe og ein av tinga dei ofte skriv om er skulearbeid og oppgåver. Eksempel på slike sider er bl.a. daria.no og propaganda.net. Her finn elevane flust med oppgåver som dei også kan ta i bruk, og at fristelsen for å finne ei enkel løysing på oppgåvene og kopiere det dei finn blir for stor, er dermed kanskje litt forståeleg. Det skal her understrekast at på begge sidene eg viser til som eksempel, står det at oppgåvene som ligg der er meint først og fremst som inspirasjon og gode idéforslag, men at dei også blir brukt som løysingar ved at elevar kopierer dei, er vel ikkje noko tvil i. Dette er eit problem som er blitt meir og meir ein realitet etter kvart som elevane tek i bruk digitale verkty for å skape tekstar, og slik eg ser det fins der ikkje noko enkelt fasitsvar for å løyse det. I mine auge ser eg ikkje på eit program som kjøyrer plagiat-kontroll som den beste løysinga. Eg trur at ein elev som tyr til den enkle løysinga ved å kopiere andre sitt arbeid ofte er ein elev som ikkje har tru på sine eigne evner og er usikker på seg sjølv. Ved at du som lærar jobber bevisst med prossessen å skrive/skape ein tekst i undervisninga, kan dette bli ein dempar på problemet. Då er det viktig å fokusere både på disposisjon, avsnittsoppbygging, struktur og kjeldebruk. Dette kan hjelpe elevane i å komme i gang med arbeidet sitt og gjere dei meir sikker på seg sjølv og arbeidet. Men ein skal ikkje vere naiv og sjå vekk frå at der er nokre elevar som plagierar berre for å sleppe å måtte gjere arbeidet sjølv. Dette er fusk i høgste grad og må slåast hardt ned på. Læraren bør diskutere med elevane om kva som er fusk og få dei til å sjå at fusk blir ikkje oppdaga utan konsekvensar. Men læraren kan derimot vise at ein faktisk kan bruke andre sitt arbeid som inspirasjon og idéforslag - det er ikkje nødvendigvis negativt at elevane har tilgang til desse sidene. Då er det også ekstra viktig at elevane er klar over og obs på forskjellen mellom inspirasjon og plagiat. Eg ser her for meg at eit grundig arbeid med prossess-skriving og synleggjering av dei ulike stega i tekstskapinga kan vere eit godt hjelpemiddel for elevane til å skape noko sjølv.

1 kommentar:

  1. Hei Jannike:)
    Her har du skrive ein veldig god tekst, tykkjer eg. Du har med mange viktige poeng, og du er tydeleg i din eigen tekst. Teksten er skriven (og oppbygd) på ein ryddig og grei måte, noko som gjer at den er lett å lese for mottakaren. Eg er einig i det du skriv om at ein bør fokusere på skriveprosessen, og at dette med fusk er eit emne vi må sørgje for at elevane har forståing for.
    -Bea-

    SvarSlett