mandag 18. oktober 2010

Bilde!

I første nettleksjonen er der nokre øvingsoppgåver der oss kan trene oss i å bruke ulike verkemiddel i fotograferinga vår. I tillegg til desse verkemidla gjeld det også å bruke fantasien og kreativiteten for å få til gode bilde. Eg har jobba litt med det no, men eg har insett det at eg er ikkje nokon dreven fotograf. Det må nok ein del meir øving til før eg får til nokre bilder eg er fornøgd med. Eg legg likevel ut det eg har jobba med så langt.
Eg prøvde å ta bilde der eg illustrerte prinsippet om å plassere motivet i sentrum av bildet eller i høve til tredjedelsregelen. Då valgte eg å bruke ein nøytral bakgrunn slik at motivet kom mest mogleg i fokus.

                                          Bilde med motiv i sentrum.

                                          Bilde med motiv i høve til tredjedelsregelen (eit forsøk i alle fall)

Eg synest at av desse to bilda så kjem motivet mest til sin rett der det er plassert i høve til tredjedelsregelen. Eg synest bildet er meir balansert og finast å sjå på. Der motivet er plassert i sentrum synest eg også er litt kjedeligare å sjå på og gir meg ikkje like mykje. Sjølv om dette er nokså enkle bilder, ser eg likevel at tredjedelsregelen er eit godt verkemiddel.

Det var dette eg rakk å gjere for denne gong, men eg kjem tilbake med meir arbeid etter kvart. :)

På gjensyn folkens! :)

fredag 15. oktober 2010

Ny DKL - samling

Hei igjen!
I går starta vi med den andre samlinga for i år. Då fekk vi ein introduksjon om bilder og bildebehandling. Vi fekk også gode eksempel på nettsider der vi kan lagre bilder i mapper på nett og der vi kan redigere bilder. Desse nettsidene er http://www.picasaweb.google.com/ og http://www.picnik.com/. Desse nettsidene virker som gode verkemiddel og det kan godt hende eg tek dei i bruk i redigering og publisering av bilder i framtida. Eg ser fram til å jobbe vidare med bruk av bilder og til å lage ei bildefortelling, som vi skal gjere i bl.a. mappeoppgåva. Eg kjem tilbake med øvingsoppgåver i tilknytning til bilde-temaet seinare.
Snakkast folkens. :)